Omtale av Need for Speed Prostreet
Vekk fra undergrunnstemaet
Versjon testet: X360 - Torsdag 21. februar 2008 kl. 13:35
Skrevet av Åsmund Bell for GameRoobie
![]()
EA games er tilbake med sitt nye spel i Need for Speed serien, denne gongen får vi prøve oss på gatebilkonkurranse på eit meir lovleg nivå. Need for Speed ProStreet tar oss av gatene og inn på kontrollerte baner der det kun er evna dine som bilførar og mekanikar som gjeld. ProStreet lovar å levere ein meir autentisk følelse av profesjonell gatebilkonkurranse, men klarer dei å levere dette og samtidig gjere det morosamt? Har vi ikkje sett utallige slike bilspel før?
Så snart ein startar opp spelet og byrjar ei ny karriere blir ein kasta inn i historia som ein person ved navn Ryan Cooper. Du er ein veteran av ulovlig gatebilkøyring som no skal prøve seg på den lovlege sida, på godkjente bilbaner. Du møter opp på ein konkurranse for å få ein plass i den offisielle ”Street King ”ligaen og får samtidig ei roleg innføring i kva ProStreet handlar om via små hjelpevideoar. Når du så har funne ut av kontrollane og vunne heile konkurransen møter du kongen av ligaen, sjølve ”Street King” leiaren , og av ein eller anna grunn så tålar han ikkje trynet på deg. Publikum bryr seg ikkje om negativiteten til leiaren og bryt heller ut i jubel, du skal nemleg til den store ligaen der du har sjansen til å ta trona frå han.
Etter du har fullført ditt første løp og blitt akseptert inn i den ofisielle ligaen, så får du moglegheiten til å begynne å skru og ordne på bilen/bilane dine. Det er her du verkeleg får sjå kvifor dette heiter ”ProStreet”. Det er så mange innstillingar og variasjonar av oppsett her at ein hobby-mekanikar kan holde seg opptatt i timesvis, ein kan skulptere bilen slik at vindmotstanden blir så høg eller så liten som mulig samt kvar vindstyrken skal ligge, ein kan legge inn spesifikke motor og bildelar basert på merke og effekt og så kan ein sjølvsagt male og hive på så mange klistermerker ein berre vil. Det er så omfattande at det er sin eigen ”liga” online der dei beste bilbyggarane kan laste opp oppsettet sitt og konkurrere mot kverandre, nesten heilt utan å køyre i det heiletatt! Etter at ein er komen over kor mykje ein kan gjere med bilen sin og pengane sine, så ser ein ein lang stige av baner og ”løpsdagar” ein må fullføre for å nå toppen. Ein må nemleg melde seg på ein såkalla ”løpsdag” som inneheld mange forsjellige baner og utfordringar ein må gjennomføre. Dersom ein berre vinn dagen så får ein ein standard pengepremie men dersom ein fortsetter dagen og dominerer alle løpa så får ein mogelegheiten til å velgje ein bonus, denne bonusen kan vere alt frå penga og gratis reparering til ein heilt ny bil. Dei forskjellige typar løp ein kan konkurrere i er noko som kanskje ikkje er så overraskande: Grip som går rett og slett ut på å fullføre løpet først, Drag som ikkje treng noko nærare forklaring, men som denne gongen har eit lite mini-spel på førehand der du må varme opp dekka dine, Shootout som går ut på å ha høgst fart gjennom forskjellige punkt på bana og til sist Drift. Drift er tilbake i serien og denne gongen misser ein ikkje poeng dersom ein sklir ut av bana, drift er ofte ein slags ”avslappar” frå dei andre typar løp då dei andre løpa blir fort kjedelege. Ein må vanlegvis ha ein bil med deg til kvar type løp, iallefall ein bil til drag og ein til vanleg grip.
Når det kjem til sjølve køyringa så har ein tre valg: ein kan velje å la spelet sjølv kontrollere farta og bremsinga di, ein kan få spelet til å kun hjelpe til med nedbremsing i svingane eller ein kan skru av all hjelp og føle den fulle krafta av bilen. Den sistnemnde funksjonen vil nok dei fleste som har spelt NFS spel tidlegare velgje. Uansett kva slags modus ein velgjer så får ein alikavel ei hjelpepil langs svingane som viser kurva på svingen, samt viser i forskjellige fargar om du har for stor fart, rød f.eks viser at du har for høg fart til å klare svingen. NFS ProStreet støttar også totalvraking av bilane dine, ein kan nemleg køyre så hardt at bilen ikkje ser ut etter på. Bilen si yting går drastisk ned etterkvart som du tar skade. Etter ein har spelt og konkurrert ei stund så merkar ein fort at det blir masse gjenopptaking og lite som driv deg vidare. Riktignok er det nye bilar og delar som blir tilgjengelige etterkvart såvel som nye baner, men det heile følast likt ut over det heile. Ein blir rett og slett lei visst ein ikkje er spesielt interessert i denne serien eller sjangeren. Historia er syltynn og det virkar som om den einaste motivasjonen ein har for å fullføre spelet er fordi leiaren av ligaen gjorde narr av deg.
Grafikken i ProStreet er ikkje noko å klage på, alle dei nylakkerte bilane glinsar i sola og røyken som står ut av hjula når dei startar er alltid like fint å sjå på. Ein kan ikkje seie at det er banebrytande eller for så vidt ”next gen”, men den gjer iallefall jobben bra på bilane. Ein ting ein merkar tydeleg her er reklamen, det finst utrulig masse reklameplakatar rundt om banene som reklamerer for ting i verkelegheita. Dette er nok kanskje ikkje noko ein ser på som unaturleg sidan det alle løpa er på store løpsdagar og folk vil naturlegvis reklamere, men når desse reklamane er frå verkelegheita vil kanskje nokon alikavel bli fornærma.
Musikken i Need for Speed serien har alltid vore litt spesiell, mange av sangane som er lagt inn kan virke som merkelige val men som til slutt grev seg inn i hjernen din etter utallige løp. Musikken i ProStreet er ingen unntak og ein blir bydd på nye og meir spennande band med musikk som virkar som skapt for spelet, nok ei ladning med sangar ein høyrer på radioen ein dag og seier til deg sjøl ”Den er jo frå ProStreet!”. Ellers er lydane som ein kan forvente, ein får ein god dose motor-rusing og hylande hjul men det spesielle denne gongen er kommentatoren, han følgjer med på kva som skjer på bana og informerer publikum om vår helt Ryan Cooper gjer det bra eller dårleg. Visst ein er så uheldig at ein krasjar hardt så er kommentatoren raskt innpå og reagerer på dette, desse kommentarane gir ein nærast nok ein grunn til å komme heilskinna først i mål.
Konklusjon
Need for Speed: ProStreet er eit nytt solid spel i NFS serien som tar serien vidare til ei meir lovelig side, ein blir bydt på eit mangfald av moglegheiter til å gjere om bilen din til nøyaktig den bilen du vil ha og allereie her kan ein sjå at ProStreet appellerer meir til dei som er spesielt interessert i sjangeren. Sjølv om køyringa er solid og det er ingenting spesielt å seie på det, så blir det for gjentagande og kjedelig i lengda. Dei har bygd inn små tillegg for å gjere ting lettare for nybyrjarar men heile spelet er stort sett bygd rundt eit professionellt miljø av virtuelle bilmekanikarar. For ein ikkje spesielt interessert kan ProStreet virke for avansert og for lite motiverande, men for dei som lev og ånder for virtuel bilmekking er dette eit spel som kan holde dei opptatt online blant andre konkurrentar i mange månadar framover. Kort sagt er nok ProStreet hovudsakleg eit spel for spesielt interesserte og har liten sjanse til å fenge dei som ikkje er spesielt interessert i bilspel.
Åsmund Bell
GameRoobie
|
|
Utvikler: | |
| Utgiver: | ||
| Sjanger: | Motorsport » Bilspill | |
| Antall spillere: | tba | |
| Nettmuligheter: | ja | |
| Aldersgrense: | ||
| Lanseres: | X360: 22. november 2007 |
|
Skjermbilder av dette spillet: (følg lenken under for flere)
![]()
Siste fra forsiden 
Omtale av Project Gotham Racing 4
Omtale av Need for Speed Prostreet
Omtale av Unreal Tournament 3
- Setter stopper for GoldenEye-gjenopplivning










Julesesongen nærmer seg. Hvilken konsoll tror du blir årets store juleslager?
Hva mener du? 




