Hellgate: London
Action
Flagship
Namco Bandai
Cover  
 
PC: 1. november 2007
 
 
5 X
 
 
 
Julesesongen nærmer seg. Hvilken konsoll tror du blir årets store juleslager?
Lavere pris betyr salgseksplosjon for PlayStation 3
Mange forskjellige pakker fører til at Xbox 360 vinner
Nintendo Wii trenger verken bundles eller priskutt for å stikke av med seieren
Konsoller er ut, mens håndholdte maskiner er tingen
Tror på et jevnt salg mellom konkurrentene
 
 
 

 
Finn flere demoer!
 
 

Omtale av Hellgate: London

London i framtida

Versjon testet: PC - Tirsdag 15. januar 2008 kl. 18:35
Skrevet av Thor Erik Midtbø for GameRoobie

Forholdsvis store forventningar var knytte til dette spelet, ikkje berre fordi at folk byrjar å gå lei av andre MMOG og vil skifte beite, men òg fordi Hellgate er utvikla av nokon av dei same personane som var med på å laga Diablo. Og det er noko ein trygt kan seie det står stor respekt av. Ja, nokon gjekk så langt og proklamerte at Hellgate: London var det nye Diablo-spelet.

Som ein kanskje kan sjå utifrå tittelen, utspelar det heile seg i London. Året er 2038, og det kan ikkje bli skildrast mindre enn ein apokalypse av tredje grad. Helvete sine portar har fått rotfeste, der demonar og anna pakk kjem i skytteltrafikk, og det ser inga ende til å ta. Sjølvsagt er det mange som ikkje likar dette, blant anna ’Templars’, ’Cabalists’ og ’Hunters’ som slåss med alt dei har, og planlegg eit motangrep ifrå undergrunnen i London. Og det er her du kjem inn i biletet, då du er ein av dei.

Diverre for spelet, så klarar det rett og slett ikkje å fenga deg lenge med denne historia. Dette er fordi måten på korleis historia blir presentert er rett og slett utruleg dårleg. Rundt omkring i verda er det plassert ut oppdragsgjevarar som i tillegg gjev deg ulike oppdrag, kanskje røper litt meir om historia. Dette er bygd opp ved hjelp av traudige snakkeboblar som ikkje engasjerer i det heile tatt.

Før du byrjar med Hellgate: London må du velje kva slags klasse ein skal vere. Spelet tilbyr i alt 6 ulike klassar, og alle har sin unike stil i kampens hete. Du kan satsa på nærkamp, magi, skytevåpen eller bruk av tenarar som kan anten vere mekaniske eller magiske. I tillegg til det utruleg store mangfaldet av rustningar og våpen som du kan få fatt i, kan du modifisere desse som gjer at dei blir enda betre enn originalt.

Etter at du har valt deg ein karakter traskar du rundt i undergrunnen i London, der du vil få nok av oppdrag som skal løysast, og i dei fleste tilfella går det ut på at du skal drepe x mengde demonar eller aktivere y mengde maskiner, for deretter å returnere og få løn. I starten er dette eigentleg forholdsvis greitt, då du utviklar din eigen karakter og blir sterkare, får nye ferdigheiter og betre utstyr. Men herrejemini så utruleg gjentakande det blir etter nokre få timar! For kjennarar av denne typen spel er det dette som så fint blir kalla ’grinding’. Med andre ord: Repeterande, meiningslaust og meir daudfødt skal du leite lenge etter.

Diverre stoggar ikkje det negative der. For når ein er ute på oppdrag og har slakta den eine demonen etter den andre, blir ryggsekken din fullare og fullare. Eigentleg ikkje noko stort problem, men når du må tømme ryggsekken din kvart 15 minutt, så meinar eg at utviklarane ikkje har tenkt godt nok gjennom det. Det fungerte kanskje bra for omtrent 10 år sidan, men i dag skulle vel ein tru at ein idé som dette i alle fall hadde blitt litt oppdatert.

I tillegg hjelper det òg lite at det grafiske ikkje er særleg spanande heller. Gråe og triste omgivnadar, med ein dose flammar som stikk opp ifrå jordas indre. Det fungerar i starten, då du får ei kjensle av ei mørk stemning og ei dyster verd, men ettersom timane går blir du meir og meir lei av det heile. Spesielt sidan omgivnadane du traskar i, ser utruleg likt og du får ei kjensle over at du ha vore der før. Spelet støttar DX10, og du vil merke skilnaden, det er berre synd at det heile flyter mykje betre i DX9-modus og du slepp den litt ustabile frameraten.

Då er dei ulike demonane og monstrane du får nærkontakt med noko betre. Det ser verkeleg ut som dei kjem frå ein ekkel stad, og det er nok av stilfulle skapningar å plukke ifrå viss ein skal finne sin eigen favoritt. Diverre blir òg desse noko repeterande i lengda. Til dømes der ein skapning var raud i byrjinga, er den seinare grøn, men oppførar seg på same måte som den raude. Når det kjem til våpna, rustningane og alt det andre av utstyr du får tak i derimot, er det ikkje noko å utsetje på, då det meste ser riktig så lekkert ut.

Ein kan seie at det er to måtar å spele Hellgate: London på. Du kan anten spele aleine eller saman med andre. Og det siste er definitivt å føretrekkje, då det å spele dette aleine blir forholdsvis keisamt etter ei kort stund. Korleis du grupperar deg med andre tykkjer eg er ganske genialt. Det fungerar på same måte som Dungeons and Dragons Online og Guild Wars, der du dannar eller blir eit medlem av ei gruppe på dei mange undergrunnstasjonane.

Når dykk er klar for oppdagingsferd er det berre å reise ut til næraste infiserte sone, og det er berre dykk i gruppa som er tilstades, i tillegg til ein haug av demonar sjølvsagt, men ingen andre spelarar som du møtte på i undergrunnstasjonen. Ver obs på at om du byrjar med einspelardelen først (noko som eg gjorde), for deretter å gå online etterpå, får du ikkje nytte den karakteren du brukte, men du må starte heilt på nytt.

Konklusjon

Det som skulle av mange bli det nye Diablo endar eigentleg opp som ein klone, berre med ein forbetra grafikkmotor. Ikkje misforstå meg, skikkelege Diablofans vil nok sikkert like Hellgate: London då det heile er så likt, men for oss andre er dette eigentleg totalt meiningslaust å byrje med, rett og slett fordi at du ikkje får den kjensla av å meistre dette spelet som du ville ha fått om du hadde fullført eit utruleg bra spel eller nedlagt ein episk boss. Ein blir eigentleg rett og slett likegyldig til heile greia, sjølv om det grunnleggande i spelet fungerar framifrå. Det som òg kunne ha vore ei skikkeleg god historie blir kasta bort på dei tullete snakkeboblene, og då engasjerer spelet enda mindre, i alle fall viss ein liker ei historie i spela.

Thor Erik Midtbø
GameRoobie

Total:

5
av 10
Hva mener du? Kommenter saken eller skriv din egen brukeromtale!

 

  Hellgate: London

Cover Utvikler: Flagship Studios Flagship Studios
Utgiver: Namco
Sjanger: Action » RPG
Antall spillere: TBA
Nettmuligheter: ja
Aldersgrense: Merk at om aldersgrense står som RP betydde det at aldersgrensa ikke var fastsatt da vi la produktet til basen. En aldersgrense har mest sannsynlig dukket opp nå. Du finner mer info på www.pegi.info
Lanseres: PC: 1. november 2007

» Spillets produktside på GR

  Skjermbilder av dette spillet: (følg lenken under for flere)

Siste fra forsiden

Omtale av Project Gotham Racing 4
Med unntak av Halo er det vel få spill som føles like synonymt med Xbox som spillene i Project Gotham Racing-serien. Dette er den fjerde utgaven i serien, og den største nyheten denne gangen er at du har muligheten til å benytte deg av mange ulike motorsykler i tillegg til det allerede store utvalget av biler.
10/04-2008 14:36
Omtale av Need for Speed Prostreet
EA games er tilbake med sitt nye spel i Need for Speed serien, denne gongen får vi prøve oss på gatebilkonkurranse på eit meir lovleg nivå. Need for Speed ProStreet tar oss av gatene og inn på kontrollerte baner der det kun er evna dine som bilførar og mekanikar som gjeld. ProStreet lovar å levere ein meir autentisk følelse av profesjonell gatebilkonkurranse, men klarer dei å levere dette og samtidig gjere det morosamt? Har vi ikkje sett utallige slike bilspel før?
21/02-2008 13:35
Omtale av Unreal Tournament 3
Skaparane av Gears of War, Epic Games, er tilbake med sin suksesserie Unreal Tournament og igjen blir vi bydd på voldelige arenakampar og nye krevjande spelemodusar, men denne gongen med splitter ny grafikkmotor. Ein kan trygt seie at Unreal Tournament-serien har vore høgt akta blant FPS-fans opp igjennom tidane, men klarer Epic Games framleis å tilfredstille alle forventingane?
28/01-2008 19:18
- Setter stopper for GoldenEye-gjenopplivning
I forrige uke kom ryktene om at selveste GoldenEye 2007 fra Nintendo 64 er på vei til Xbox Live Arcade. Nå skal presidenten i Nintendo selv ha satt en stopper for planene.
17/01-2008 22:55