Julesesongen nærmer seg. Hvilken konsoll tror du blir årets store juleslager?
Lavere pris betyr salgseksplosjon for PlayStation 3
Mange forskjellige pakker fører til at Xbox 360 vinner
Nintendo Wii trenger verken bundles eller priskutt for å stikke av med seieren
Konsoller er ut, mens håndholdte maskiner er tingen
Tror på et jevnt salg mellom konkurrentene
 
 
 

 
Finn flere demoer!
 
 
Next-genkrigen
Vi sammenligner PS3, Xbox 360 og Revolution feature
Skrevet av Thor Erik Midtbø - Lørdag 21. mai 2005 kl. 17:33

Nå har alle tre, Nintendo, Sony og Microsoft, vist frem sine kommende nestegenerasjonskonsoller, og de to sistnevnte har fortalt åssen deres vil se ut under panseret. GRs Thor Erik Midtbø har tatt en grundig titt på alle tre konsollene, for å se hvordan de ligger ann i forhold til hverandre.

For å sei det med ein gang, alle nestegenerasjons spelkonsollar kjem til å bli bra, det er absolutt ingen tvil om det. Det er eigentleg smak og behag, tidlegare erfaringar og kva slags spel du har nærast forhold til. For mange er tal og spesifikasjonar det aller viktigaste, men for dei som har litt peiling så har det nesten ingen betyding for korleis sjølve spelet er. Fin grafikk er ikkje alt som tel, noko Doom III er eit godt døme på, det trengst så mykje meir enn akkurat det.

Då PS2, Gamecube og Xbox vart vist fram for nokre par år sida var det Xbox som stakk av med sigeren når det gjaldt tal og spesifikasjonar, med Gamecube like etter. Faktisk så var PS2 teknisk sett den dårlegaste konsollen av desse tre, men til gjengjeld eller som eit ”plaster på såret” var det og den mest selde konsollen! Dette berre beviser nok ein gang at det berre handlar om spela.

Eg har lest på mange forum den siste veka, norske som engelske om kva forskjellige personar tenkjer om sjølve designet på neste generasjons spelkonsoll. Det som eg har mest sett gått igjen er at Revolution har det beste designet, med Xbox på andreplass og PS3 på siste. No har det nå seg slik at folk er forskjellige og har ulike meiningar, men baserer du deg på eit kjøp berre på eit grunnlag av kven som er finast, ja då tenkjer du rett og slett ikkje mykje.

Når me skal samanlikne desse tre konsollane er det alltid kjekt å byrja med tal, i alle fall dei som kan dette, derfor har me samla dei mest grunnleggjande spesifikasjonane under så du kan sjå forskjellar og likskapar.

Revolution
Nintendo har ikkje publisert konkrete fakta om kor bra konsollen eigentleg er, men dei seier han skal bli to til tre gangar betre enn Gamecube. Følg med vidare på GR, då me vil komme tilbake til dette punktet når Nintendo seier noko meir.

» Flere blder og mer info om Revolution




PS3
Prosessor: Cell Processor 3.2 GHz (sju kjerner!)
L2 Cache: 512KB L2 cache, 256KB per SPE
Yter 2 TFLOPS
Grafikkort: Nvidia RSX "Reality Synthesizer" 550 MHz, 256 MB
Minne: 256 MB XDR @ 3.2GHz
Harddisk: 2.5 tommar Removable Hard Drive (Ukjend størrelse)
Resolusjon: 480i, 480p, 720p, 1080i, 1080p
Inn- Ut einingar: Gigabit Ethernet (RJ45), 6 USB 2.0, CF Slot (Type I, II), SD Slot (Regular, Compact), Memory Stick, Memory Stick Duo, 1 x Optical Audio, 7 Bluetooth handkontroller
Støtte for to stykk HDTV! (Panorama= 32:9)
Spelformat: Blu-ray BD-ROM
Bakoverkompabilitet med PS og PS2!
Kan kommunisera med PSP
Størrelse: ca. 13.5" x 3.25"

» Vår artikkel om PlayStation 3



Xbox 360
Prosessor: Custom IBM PowerPC CPU 3.2 GHz (tre kjerner!)
L2 Cache: 1MB
Yter 1 TFLOPS
Grafikkort: Custom ATI Processor 500MHz, 512 MB UMA (delt med CPU!)
Minne: 512 MB UMA (delt med GPU!) @ 700MHz
Harddisk: 20GB Removable Hard Drive
Resolusjon: 80p, 480i, 720p, 1080i
Inn- Ut einingar: 3 USB 2.0, 2 Memory Slots, Ethernet Port (RJ45), 4stk 2.4GHz handkontroller
Spelformat: Dual-Layer DVD-ROM
Bakoverkombabilitet med Xbox
Størrelse: ca. 10.25" x 2.5"

» Få med deg vår grundige titt på Xbox 360!

Som De ser er det PS3 som scorar høgast på alle punkter og det er nok den som vil bli den kraftigaste konsollen. Det at Microsoft vel å bruka DVD i staden for HDDVD eller Blu-Ray må vera eit stort tilbakesteg. Ein Dual-Layer DVD-ROM har berre plass til 8,5 GB, i motsetnad til Sony sitt Blu-Ray format som kan ha plass til opptil 100GB! Ikkje nok med det, men Sony har og lagt til rette for at PS3 kan bli kopla til to HDTV allereie frå starten av, det betyr panorama (dobbel widescreen som er 16:9), eller speling på ein skjerm og video på den andre, og det av ypparste kvalitet! Microsoft derimot inkluderar HDTV støtte, men du kan ikkje kople den opp med ein gang, du må altså vente og kjøpe tilleggsting for å få den til å køyre på HDTV noko som er dårleg gjort tykkjer eg. Her får Sony absolutt eitt poeng.

Kontrollane til PS3 og Xbox 360 kjem til å vera trådlause, der PS3 vil ha opptil sju stk. og Xbox 360 4 stk. Det at dei er trådlause vil sei at dei går på batteri, og sånn som med alle batteri må dei bli lada opp igjen. Å lada opp kontrollane er eigentleg ein grei sak. Det du vil komme til å gjera er å kople dei til med ein USB leidning, og batteriet blir opplada imens du spelar, med leidning sjølvsagt. Begge produsentane hevdar at kontrollane deira kan halde på batteriet sitt i opptil 24 timar.

Når det gjeld internett så ser det ut som om Xbox vil vinne der grunna brukargrensesnittet, eigen profil med mykje meir, men det er ikkje heilt sikkert enda sidan Sony og Nintendo ikkje har vist sitt skikkeleg enda. Nintendo har sagt at alle som kjøper seg Revolution vil få tilgang til absolutt alle spel som har vorte produsert opp igjennom åra, og akkurat det er eit kjempestort pluss i boka! Sony har ikkje heilt komme med spesifikke opplysningar, men dei seier at PS3 skal alltid ha tilgang til internett, og du kan vera på den andre sida av jordkloda med PSPen din og laste ned musikk til den via PS3en din som står heime! Eg må nesten gje eit poeng til ein av desse tre basert til det som har vorte vist og sagt, og her stikk Microsoft med det poenget.

Når det gjeld spel så er det utruleg vanskeleg å dømme om kven som stikk av med sigeren. Kvar konsoll vil ha eksklusive titlar, Xbox har Project Gotham Racing, Dead or Alive, Halo, Gears of War, Kameo og mange fleir. PS3 vil ha Gran Turismo, Metal Gear Solid, Tekken, Grand Theft Auto, Killzone, Devil May Cry og mange fleir. Revolution vil ha Mario, Zelda, Donkey Kong, Metroid Prime og mange fleir. Det er altså opp til deg å dømma kva slags spel som passar deg/som du likar, og då må val av konsoll naturleg falle deg inn.

Pris på konsollane? Det er det absolutt ingen som veit enda, men visst me skal spekulera så blir prisnivået ganske likt, kanskje rundt 3000kr. Eg tippar og at Revolution blir billegast og PS3 den dyraste, men det er berre mi tipping.

Det er altså ganske vanskeleg å kåra ein vinnar allereie så tidleg, men det er ingen tvil om at desse konsollane vil selja i bøtter og spann, der nokre kjøper ein av desse og nokre kjøper alle. Eg har faktisk allereie bestemt meg for kva slags konsoll eg absolutt skal ha meg, no gjeld det berre for dei to andre produsentane å overbevisa meg om kvifor eg nettopp burde kjøpa deira konsoll. Kanskje er det på tide at du stiller deg det same spørsmålet?

Tips en venn om denne artikkelen!

Din epost-adresse: Mottakers epost-adresse:
Ditt navn:

Kommentarer fra brukere (gi din kommentar i bunn):

Av AcidRain kl. 15:54 den 8/05 2008
Xbox360. Xbox360 vil jeg si er best i test :D
Av bertha91 kl. 15:23 den 18/02 2008
ps3!!
Du kan ikke kommentere denne artikkelen, fordi du ikke er pålogget! Logg inn eller lag en ny konto.

Siste fra forsiden

Vi søker nye skribenter
Gameroobie er på utkikk etter nye spillanmeldere. Hvis du er glad i spill, skrivefør og interessert i å vurdere de nyeste spillene som kommer ut, bør du lese videre.
1/10-2007 00:32
Omtale av Project Gotham Racing 4
Med unntak av Halo er det vel få spill som føles like synonymt med Xbox som spillene i Project Gotham Racing-serien. Dette er den fjerde utgaven i serien, og den største nyheten denne gangen er at du har muligheten til å benytte deg av mange ulike motorsykler i tillegg til det allerede store utvalget av biler.
10/04-2008 14:36
Omtale av Need for Speed Prostreet
EA games er tilbake med sitt nye spel i Need for Speed serien, denne gongen får vi prøve oss på gatebilkonkurranse på eit meir lovleg nivå. Need for Speed ProStreet tar oss av gatene og inn på kontrollerte baner der det kun er evna dine som bilførar og mekanikar som gjeld. ProStreet lovar å levere ein meir autentisk følelse av profesjonell gatebilkonkurranse, men klarer dei å levere dette og samtidig gjere det morosamt? Har vi ikkje sett utallige slike bilspel før?
21/02-2008 13:35
Omtale av Unreal Tournament 3
Skaparane av Gears of War, Epic Games, er tilbake med sin suksesserie Unreal Tournament og igjen blir vi bydd på voldelige arenakampar og nye krevjande spelemodusar, men denne gongen med splitter ny grafikkmotor. Ein kan trygt seie at Unreal Tournament-serien har vore høgt akta blant FPS-fans opp igjennom tidane, men klarer Epic Games framleis å tilfredstille alle forventingane?
28/01-2008 19:18