![]() | ![]() |
I natt gjekk E3 messa i gang, og det som først skulle bli vist var PS3 på Sony sin konferanse. Innanfor har me samla bilete og informasjon om konsollen!
Sony skal ha all æra for at dei har klart å halde bileta av den nye konsollen hemmeleg heilt fram til konferansen deira, men nå er det altså offisielt med både bilete og spesifikasjonar. Ein verdig konkurrent til Xbox 360? Så absolutt!
Sony har sagt at PS3 vil bli bakover kompatibel med både PS2 og PS, og kan spela av CD-ROM, CDR+W, DVD, DVD-ROM, DVD-R, DVD+R, i tillegg til Blu-Ray. PS3 vil og kunne lese av Memory Stick Duo, Secture Digital og Compact Flash. Det er og blitt sagt at det blir to versjonar av den nye konsollen der den eine vil berre kunne lese Blu Ray (det billegaste alternativet sjølvsagt), og den andre vil kunne lese og skrive. Dette vil det komme meir info om seinare.
For Dykk som har PSP eller skal gå til innkjøp av den kan de bare glede Dykk til PS3 kjem. Det vil nemleg vera mogleg for desse to å kommunisera seg imellom når det gjeld spel, filmar, musikk og så vidare!
Det er og blitt sagt at Sony vil støtte Apple sin Ipod og at PS3 vil ha iTunes inkludert i seg. Visst dette stemmer så er dette eit hardt slag i trynet for Microsoft!
Utsjånad
Den nye konsollen til Sony ser absolutt fabelaktig ut, for ikkje å snakka om sexy. Konsollen kan både liggja og stå, akkurat som forgjengaren, og det ser ut som om du kan velja imellom svart, kvitt og grått. Den er veldig stilrein, og den ser ikkje så forferdeleg stor ut. Som de ser er og logoen bytta ut, med ein skrift som likna eigentleg ganske mykje på Spiderman sin.


Der Xbox 360 har ”berre” har tre kjernar har PS3 heile sju! Kjernen er ein Cell 3.2 Ghz, med sju uavhengige prosessoreiningar på 3.2 Ghz kvar. (Det betyr at du kan gjera masse forskjellige ting på ein gang med andre ord) Det vil berre vera 256MB minne, men så vil farten på kvar av desse vera på heile 3.2 Ghz!
Det ser ikkje ut som harddisk blir inkludert, men det er ein 2,5” slot tilgjengeleg for akkurat dette. Harddisk størrelsar er enda ukjend, men over 100gb ser det ut til å i alle fall bli.
Grafikk
I motsetnad til Microsoft som har inngått ein avtale med Ati, har Sony laga ein avtale med Nvidia. Ifølge Nvidia vil grafikkortet vera dobbelt så bra som to GeForce 6800 Ultra kort! Skjermkortet vil ha ein hastigheit på 550MHz, og ha støtte for to skjermar! Sjølvsagt er HD standarden inkludert og PS3 vil takle 1080p oppløysning. Maskina støtter og 480i, 480p, 720p og 1080i. Grafikkortet blir kalla for Nvidia Geforce RSX (Reality Synthesizer).
Kontroller
Som med Xbox 360 sin kontroller er og PS3 sin kontroll trådlaus, noko som var ganske så sikkert på førehand. Inntil sju kontrollar kan bli kopla til via Bluetooth- overføring, men dei kan og bli kopla til via USB (som det er seks stykk av på PS3). Det er og mogleg å nytta PSPen din som fjernkontroll over WiFi! Som du ser er kontrollen ganske så forandra (sa nokon bumerang?), kanskje er dette grunna rettsaken der Sony vart dømt for å ha brukt patentert teknologi, men ingenting har blitt sagt i samband med dette.
Internett
Internett vil bli inkludert i konsollen, og kjøp av musikk (iTunes?), filmar, nedlastning av demospel blir endeleg realisert. Det vil bli betre støtte og meir brukarvenleg enn PS2 sin internett, ein komplett overhaling kan du trygt sei.
Spela
Det er spela som lagar konsollen, eller var det konsollen som laga spela? Uansett her er ei lita liste over spela som i alle fall kjem til PS3!
- Gran Turismo
- Tekken
- Killzone
- Devil May Cry
- Spiderman
- Getaway
- GTA
- Final Fantasy
- Metal Gear Solid
- Unreal
Det går og rykter om at det blir ein remake av Final Fantasy VII til PS3, i tilnærma like god kvalitet som Advent Children filmen. Visst dette er sant så er det ein glede for mange og ikkje minst imponerande!
Lansering
Lanseringa av PS3 vil vera til våren 2006, i USA riktig nok. Men me skal ikkje så bort ifrå at konsollen vil bli lansert her i Europa sommaren 2006. Prisen er enda ukjend, men den vil nok stabilisera seg på rundt 3000 til 3500kr. Som sagt tidlegare vil det vera eit enormt tilgang til spel allereie frå lansering, sidan du kan nytte dine PS2 spel så vel som PS1 spel!
Siste nyheter om Playstation 3:
- Vi søker nye skribenter · 1/10 2007
- Guns of the Patriots i rute · 12/01 2008
- Nytt Lara Croft-eventyr på vei · 16/12 2007
- Flere nyheter: Gå videre til vår seksjon for Playstation 3
Tips en venn om denne artikkelen!
Kommentarer fra brukere (gi din kommentar i bunn):
hvor mye koster den?
![]()
Siste fra forsiden 
Vi søker nye skribenter
Omtale av Project Gotham Racing 4
Omtale av Need for Speed Prostreet
Omtale av Unreal Tournament 3





Julesesongen nærmer seg. Hvilken konsoll tror du blir årets store juleslager?



